Bli med
Har du ei røyst som vil syngje?
Vi tek imot nye medlemer ved korsstart haust og vår. Slik går prosessen til.
01
Meld interesse
Send ei kort melding via kontaktsida. Fortel litt om bakgrunnen din og kva stemmegruppe du trur høver.
02
Kom og prøv
Vi inviterer deg til å vere med på øvingane, så du får kjenne på korlivet og klangen, og vi får høyre deg.
03
Stemmetestar
Om du ynskjer, kan du få ein kort prøvetime med Dirigent — der ein tek nokre enkle stemmetestar.
04
Prøvetid
Første 2 mnd. er prøvetid utan at du treng betale kontingent. Deretter bestemmer vi saman om det passar for begge.

«»
Spørsmål og svar
Ofte spurt
Kven kan bli med?+
Vi tek inn songarar i alle stemmegrupper når det er plass, men søkjer spesielt etter tenor og bassar. Du treng ikkje ha songerfaring i frå tidligare.
Korleis kan prøva gå til?+
Du få høyre koret, synge ein song du sjølv vel, og nokre enkle stemmetestar med dirigent. Det er ikkje noko å bli nervøs for — vi vil at du skal kome til rette.
Når er øvingane?+
Vekeøvingar er kvar torsdag 19:00–21:30 i Loen Bygdehus, pluss ein helgeøving om vår og haust før konsert/arrangement
Kva kostar det?+
Medlemskontingenten er for tida 1.250 kr for kvart halvår.
Klar for å ta neste steg?
Kontakt koret